Gå til innholdet

Da avdelingsleder Kristin Wiig og miljøterapeut Ranveig Boge frå CRUX høyrte KUP på seminar under Diakonikonferansen i Oslo i haust, var det tydelig for dei at det er mange fellestrekk mellom CRUX oppfølging og KUP. Dei såg at her kunne dei ha nytte av å dele erfaringar. 

Dagleg leiar ved KUP, Ingunn Holme, og Bente Fjelde, tok i vår initiativ til å bli betre kjent med kvarandre som virksomheter og inviterte CRUX oppfølging - Bergen til besøk. No har de besøkt KUP (Kirkens Ungdoms Prosjekt).

-Det blei to dagar med masse inspirerande erfaringsutveksling, og spesielt fint var det for oss å høyre om korleis dei jobbar med grupper, og om deira erfaringar med å jobbe med unge mødre, mot ekstremisme med meir. Dei var nysgjerrige på vår erfaring med å jobbe individuelt med unge og i familiar. Ein annan ting me deler er den diakonale tankegangen som motivasjon for arbeidet med dei unge. Vår opplevelse var veldig at me er «i samme båt». Me har same mål og brukar all vår kreativitet. Det er fint å høyre det blir satt ord på korleis det faglige og vanlige virkar saman, og det er inspirerande å dele fag, erfaringar og historiar. Planen er å møtast igjen om eit år, og me gler oss til å invitere KUP til Bergen neste gang, sier Aina Amalie Valland i CRUX oppfølging - Bergen. 

Oppdatert