Gå til innholdet
gutt-pa-skogstur
Illustrasjonsfoto
Me har møtt DEG så mange gonger før.

DU er mamma og fortvila fordi du ikkje klarar å hanskast med barnet ditt,
DU er pappa og sint fordi det blir fortalt historiar om deg,
DU er 2 år og forstår ikkje kor mamma er,
DU er 4 år og grin fordi du lengtar heim,
DU er 6 år og er redd for at alt er di skuld,
DU er 7 år og gla` for å vera her fordi mamma sin kjæraste slår,
DU er 8 år og uroleg for kven som passar på mamma når du ikkje er heime,
DU er 9 år og redd for at mamma og pappa er sinte fordi du har fortalt hemmelege ting,
DU er 10 år og måtte flytte frå fosterfamilien din sjølv om du skulle bu der for alltid,
DU er 11 år og sint fordi du må flytte og ikkje søskena dine,
DU er 12 år og har nesten ingen som forsvarar deg,
DU er 13 år og så trist fordi ”livet mitt har vore ein katastrofe”,
DU er 16 år og skal snart bli mamma, men veit ikkje om du får behalde barnet ditt,
DU er besteforeldre og frustrert fordi du ikkje er ”god nok” til å passa barnebarnet ditt,
DU er fosterforeldre som gav alt og som sitte tilbake med ”ingenting”,
DU er mamma som er letta fordi du får dela ansvaret med fleire,
DU er pappa som går her ifrå litt rakare i ryggen fordi du møtte på vanlege folk.

Så mange historiar, så mange store og små menneske med eitt til felles: DU ER SÅ SLITEN. Så inn i margen sliten av å ikkje få det til, av å vera redd, av å halde fasaden, av å krangla og slåss, av å skuffa andre, av å kjenna seg utanfor, av å grua seg til neste dag, av løfter som ikkje blei innfridd, av å bli mistrudd, av å ha gjort det beste du kunne og så var det ikkje nok, av å tåle kritiske blikk, av å lura på om nokon er glad i deg. DU er så sliten av ord.

Til DEG som stadig lærer oss noko nytt, til og med om det me trudde me visste ”alt” om. Til DEG som hjelper oss å vera nysgjerrige, og som lærer oss så mykje om mot og om å stå oppreist i tøffe tider.

Me trur at me i samarbeid med DEG kan samla bitane og leggje grunnlag for ei positiv endring. Klarar me ikkje det, så har me ikkje lukkast i jobben vår. Og kjem me ut på ville vegar så må DU seia ifrå...

Anne Lise Ness

Oppdatert